Littpod
Salong: Kroppen i psykoterapi
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editora: Podcast
- Duração: 1:03:25
- Mais informações
Informações:
Sinopse
Med Margrethe Øglænd og Kjersti Lyngstad. Korleis kroppen har blitt forstått i behandlinga av psykiske lidingar og plager har variert opp gjennom historia. Psykologar har oversett kroppen, berre så vidt tolt den, eller nærast gitt den ei hovudrolle i behandlinga. Kva idéer har ein gått bort frå eller er blitt vidareutvikla om kropp og sjel? Er det slik at kroppen avslører menneskets indre, kan den forsvare og bevare ei sårbarheit i oss, og kva betyr det at noko «set seg i kroppen»? På kva måte kan ein, med heile seg, få hjelp av psykologar som er opptatt av dette i dag? Psykologspesialist Margrethe Øglænd har følgt historia om kroppens plass i psykologifaget. Møt henne i samtale med kollega Kjersti Lyngstad. Neste arrangement i denne serien: 24. mars.