Littpod

LitFestBergen2020 - Kluss med kunst og klasse

Informações:

Sinopse

Kan ein forfattar skrive om kva han vil og kven han vil, på nøyaktig den måten han vil sjølv? Det er spørsmålet Jens M. Johansson utforskar i sin nyaste roman Lavterskeltilbud. Den handlar om førtiseks år gamle Adam Berg, forfattar, som bestemmer seg for å skrive eit meisterverk om arbeidarklassen. Men korleis? Johansson kjem til LitFestBergen for å snakke om klasse, kunst og representasjon, og kvifor desse spørsmåla er til å le seg fillete av. Intervjuar er Sandra Lillebø. Samtalen er på norsk.