Fjordingen På Flo Skue
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editora: Podcast
- Duração: 155:24:24
- Mais informações
Informações:
Sinopse
Fjordingen er lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten tek journalist Roy Aron Myklebust med seg spennande personar frå lokalmiljøet til utkikspunktet Flo skue. Med utsikt over strynebygda, løftar vi blikket og pratar om laust og fast. Både det den aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avsløre sider som er mindre kjent.
Episódios
-
Jabbing om jobb #24 med sjefen over alle sjefar i Stryn kommune
27/02/2026 Duração: 34minSjefen over alle sjefar i Stryn kommune, Jon Nesje, er gjest i denne episoden. Han gir eit innblikk i arbeidskvardagen til ein kommunedirektør og fortel om korleis han opplevde overgangen frå det private næringslivet til offentleg forvalting.
-
Jabbing om jobb #23 med kreative Anndi Bergset
17/02/2026 Duração: 27minAnndi Bergset er ei kreativ dame frå Ohio USA som har gjort "nordsidar" av seg. Ho deler arbeidskvardagen mellom systova Gjensyn og Opera Nordfjord.
-
Jabbing om jobb #22 med artist og DJ Tungevaag
27/01/2026 Duração: 47minSom liten hadde Martin Tungevåg null interesse for musikk. Men i løpet av ungdomsskulen oppdaga han talentet som skulle gjere han til ein artist, DJ og musikkprodusent med milliardar av avspelingar. 32-åringen frå Stadtlandet er i dag gift og busett i Hornindal.
-
Jabbing om jobb #21 Ingrid S. Renberg - den nye oppvekstsjefen
21/01/2026 Duração: 22minIngrid Sylvia Renberg frå Ørsta tok til i jobben som kommunalsjef for oppvekst like før jul. Ho går laus på oppgåvene med høge ambisjonar og stort engasjement.
-
Førjulskos på Radio Stryn - Ove og Roy Aron med gjester
22/12/2025 Duração: 01h57minOve Andre Aarskog og Roy Aron B. Myklebust inviterer til ei to timar lang sending med flotte gjester: Espen Rostrup Nakstad, Kjell "Kjellen" Bigset, Malin Ek Bråtene, Anders Magne Vik og Andreas Flo Tonning.
-
Jabbing om jobb #20 - skyss, klapp og klem med Rogeir Haugen
16/12/2025 Duração: 38minRogeir Haugen er dagleg leiar i Oldedalen Skyss AS, som nyleg vart heidra med Vestland fylke sin Bedriftsutviklingspris. Han er også låtskrivar og har samarbeidd med kjente musikarar som Rune Rudberg og Anne Nørsti. Dette i tillegg til hans eige musikkprosjekt; Mona Jill's Trio.
-
#70 Sport und Spaß 10. 12. 2025 -med eldsjela Kjell August Ytre-Eide
11/12/2025 Duração: 01h05minKjell August Ytre-Eide vart nyleg tildelt Årets eldsjelpris i Stryn fotball. Han legg ned mange, mange timar som keepertrenar og som dommar. Han har også forska på dømming i ein masteroppgåve. Vi tek dessutan ein prat med skiskyttar Ann Kristin Aaland som kjempar for ein plass i IBU-cupen.
-
Jabbing om jobb #19 med Sølvi Hjelmeland -oppfinnaren
08/12/2025 Duração: 31minSølvi Hjelmeland har starta bedrifta Pure Wave. Utan fagleg bakgrunn eller bransjekunnskap har ho klart å løyse ei stor utfordring til lands og til vanns - og i lufta med, på toalettfronten!
-
Jabbing om jobb #18 med Rune Solheim - entreprenøren frå Rake
01/12/2025 Duração: 45minRune Solheim er ein entreprenør i alle ordets tydingar. Han likar at ting skjer, og er gjerne den som set tinga i gang. Solheim har sett spor både i Stryn og Ålesund, og er van med at folk har meiningar om det han driv med. Men så har han også ein del meiningar sjølv. Bli betre kjent med "mannen bak Kamben".
-
#69 Sport und Spaß 19. nov. 2025 -Strynefjellseventyret
20/11/2025 Duração: 01h13minInge Fænn og Per Ytre-Eide med historietime om nesten 90 år med skiaktivitetar på Strynefjellet, i samband med utgjevinga av boka "Strynefjellseventyret". Tidenes mestvinnande alpinist i Norge, Kjetil Andre Aamodt, bidreg også med minner frå fjellet.
-
Jabbing om jobb #17 med brannsjef John J. Vinsrygg
18/11/2025 Duração: 36minBrannsjef John Jatgeir Vinsrygg om gleda over vedtak om ny brannstasjon, om 33 år i feiar- og brannvesenet og om glade og mindre glade dagar i jobben.
-
Jabbing om jobb #16 med Marianne Nærø frå HS Bygg
11/11/2025 Duração: 26minMarianne Nærø tok over leiinga i HS Bygg i februar i år. Kven er ho og korleis likar ho seg i bedrifta som feirar 40 år?
-
#68 Sport und Spaß 22.oktober 2025 - Damenes aften
23/10/2025 Duração: 42minVi har med oss: Marie Rekdal Johannsdottir, nyopprykka til Toppserien med Molde FK. Maren Hjelmeset Kirkeeide, snart klar for å starte OL-sesongen. Og Heidi Holmlund, direkterapport frå KM-sluttspelkamp i Syril.
-
Jabbing om jobb #15 med Ingvill Flo og Emil Solheim - frå PwC til Tell
21/10/2025 Duração: 32minIngvill Flo og Emil Goberg Solheim jobbar ved strynekontoret til PwC. Om kort tid får dei nytt namn og nye eigarar, i selskapet Tell.
-
Jabbing om jobb #14 KI-gründer Jon Fredrik "Joffen" Hopland
07/10/2025 Duração: 42minJon Fredrik "Joffen" Hopland er for mange helst kjent som trommeslager. No er derimot notane skifta ut med koding, og saman med ein tidlegare studiekamerat har han starta Altek AI. Dei er i ferd med å etablere seg som ein betydeleg leverandør til hotellbransjen, av tenester som nyttar KI (kunstig intelligens).
-
Jabbing om jobb #13 Sjømann Kåre Tonning
01/10/2025 Duração: 23minKåre Tonning har alltid vore fascinert av sjøfart, og i ein alder av 51 år fekk han seg jobb som kokk og lettmatros på ein brønnbåt.
-
Jabbing om jobb #12 Barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr
23/09/2025 Duração: 31minBli betre kjent med leiaren for barnevernstenesta i Stryn. 23 år i jobben og klar for nye!
-
#67 Sport und Spaß 17.september 2025 -Jostein Flo
18/09/2025 Duração: 01h04minHovudgjest i sendinga er Jostein Flo. 61-åringen takkar for seg etter 29 år i Strømsgodset, der han har vore både spelar, marknadssjef, dagleg leiar og ikkje minst sportssjef. Vi har også besøk i studio av Marie Haugen og Oddny Grete Njøten som oppdaterer oss på ståda i seniorhandballen i Stryn T&IL.
-
Jabbing om jobb #11 Odd Kåre Hjelmeland
10/09/2025 Duração: 36minBli betre kjent med Odd Kåre Hjelmeland som har drive gravferdsbyrå sidan han var 21 år gammal.
-
#66 Sport und Spaß 20. august 2025 -Jump in it!
21/08/2025 Duração: 54minFotballspelaren bak uttrykket "Jump in it" er med oss frå Nederland! Sondre Holmlund Ørjasæter vart nyleg selt til Twente og vi sjekker ut status for det nye profftilværet. Vi har også besøk i studio av far og son Krossen, som mimrer tilbake til Norway Cup og Ekebergsletta, der G14 bidrog med masse flott fotball og spennande dagar.